Selskapslokalar

 

Selskapslokale hos Malin

Skal du arrangere bursdag, jubileum, firmafest eller eit anna privat arrangement?
Hos Restauranthuset Malin kan du reservere lokale til både små og større selskap.

Selskapslokale 1 – Steakhouse

Passar godt for større selskap og arrangement.

Pris og vilkår

For selskap med færre enn 30 personar kjem det ei lokalleige på om lag 400 kr per time.

For selskap med 30 personar eller fleire fell lokalleiga normalt bort, føresett at avtalt servering eller eventuelt minimumsforbruk på mat og drikke blir oppfylt.

Bileta viser storleik og mogleg oppsett. Bordstilling og dekking er berre døme.

Selskapslokale 2 – Lounge Bar

Eit lunare lokale for mindre selskap og private arrangement.

For grupper med færre enn 20 personar som ønskjer eit lukka selskap, kjem det ei lokalleige på minimum 300 kr per time.

Loungebaren er normalt open som vanleg bar frå 19.00 fredag - lørdag. Dersom lokalet skal stengjast for andre gjester, kan leiga bli høgare. Pris blir vurdert etter tidspunkt, varigheit, tal på gjester og type arrangement.

For grupper på 20 personar eller fleire blir pris og vilkår avtalt nærare.

Store og spesielle arrangement

For spesielle arrangement med over 50 personar eller lengre fram i tid, krev vi eit reservasjonsdepositum på 3 000 kr.

Depositumet sikrar reservasjonen og blir handtert etter vilkåra som blir opplyste ved bestilling.

Kva påverkar prisen?

  • Tal på gjester

  • Tidspunkt og varigheit

  • Type arrangement

  • Om de ønskjer heilt lukka lokale

  • Mat og drikke

Alle reservasjonar må stadfestast av Restauranthuset Malin, og eventuelle tillegg, minimumsforbruk og andre vilkår blir avtalte før reservasjonen er endeleg stadfesta.