Vi lanserer ny Malin-meny

Månadag 24. juni lanserer vi nye menyar på Restauranthuset Malin - så dette er ein dag vi ser fram til!

Vi har brukt lang tid på å komme fram til nye rettar som vi trur våre kjære kundar i Sogn vil lika.

Vi håper du tek turen til oss og testar ut dei nye rettane:

crispy and.JPG

Crispy and

Våre rettar basert på and er blant dei mest populære rettane og noko sogningar set pris på. Crispy and er glasert med honning og denne retten trur vi du vil setje pris på!

Reinsdyr.JPG

Reinsdyrsfilet

Vi berre måtte ha med denne på vår nye meny! Vi håper du set pris på vår variant!

saozi nudler.JPG

Malin Saozi nudlar

Nudlar blir meir og meir populært - også som restaurantmat. Denne retten er ein kjend spesialitet frå midt-Kina. Tradisjonsrik mat som er litt modernisert og som vi trur de vil like!

Nye sushi-rettar

Sushi i Sogndal er blitt ein stor suksess! Våre flinke sushi-kokkar kan no tilby endå fleire variantar. Kva med å smake Aburi Nigiri, Gunkan eller Trio?