Vi feirar 20 år i Sogndal

Laurdag 20. oktober er det 20 år sidan vi opna China House i Fjørevegen. 20 flotte år saman med trivelege kundar er verdt å feire -
og på laurdag blir det gratis kake og kaffi til alle i restauranten!


Som 16 åring flytta Xianwu Xu og familien frå den “vesle” kinesiske byen Wenzhou. Utdanna på kokkeskule var Xian klar for yrkeslivet i eit nytt land.

Etter fleire år på ulike kina-restaurantar rundt om i Norge, bestemte Xian, broren Wu yong Xu og faren seg for å realisere draumen om eigen restaurant.

china house sogndal.jpg

Valet falt på Sogndal.

Der var lokala til gamle Loftesnes Pensjonat ledige. Stolte og spente kunne Xian og familien opna opp China House i Fjørevegen 17.

Responsen frå sogningane var overveldande og omsetninga steig år for år. Hausten 2015 flytta så restauranten inni på 1000 kvm i Kulturhuset i Sogndal og endra namn til Restauranthuset Malin.

-Familien min og eg er blitt fantastisk godt mottekne av alle sogningar. Vi har sett pris på å få lov å lage mat som sogningar likar og synest det er rimeleg at vi spanderar jubileumskake på alle i restauranten på laurdag 20.oktober frå kl. 12.00 - 23.00 - seier Xian Wu Xu.

Så stikk innom oss på laurdag - enten du berre vil ha gratis kake, kaffi og slå av ein prat, eller om du vil nyte eit måltid også.

Velkommen skal du vere!

Gasta Design

Gasta design as, Trolladalen 30, Sogndal, Norway