Back to All Events

Riksteatret: «Tung tids tale» av Olaug Nilssen

Ei perle av ei bok blir teater: "Olaug Nilssen tar pusten fra leseren med sin lille roman" VG, 6. Om ei mors kjærleik og kamp for eit barn som er annleis.

Daniel er tre år, og foreldra gler seg over kor flink han er til å synge og prate. Men så sluttar snakkinga. Latteren vender seg innover. Den vesle guten endrar seg. For mora begynner ein kamp, først for å forstå kva som skjer med guten, og så for å få hjelp til å gi han den omsorga han treng. Mødrer skal aldri gi opp, blir det sagt, men kva er aksept, og kva er å gi opp?

Tung tids tale er inga heltehistorie. Det er ei historie om oss alle. Skrive med både humor, sinne og varme. Om ei mor som må gi så mye meir kjærleik enn ho kan få. Om ei mor som møter ei tyngre tid enn ho visste fanst. Midt i Norge, midt i livet, midt i kvardagen til folk.

Olaug Nilssen er ein av våre mest vitale og engasjerte forfattarar, med ein både skarp og inderleg penn, og med Tung tids tale vann ho i fjor Brageprisen. "Ei kjærleikshistorie," kallar ho sjøl boka.

Kombiner med eit godt måltid på Restauranthuset Malin før eller etter forestillinga.

 

Earlier Event: April 26
Riksteatret: Prisen
Later Event: September 19
Gabriel Fliflet - Sevje