Buffet før kampen på søndag 5.juli: Noreg – Brasil
Buffet før kampen på søndag: Noreg – Brasil
Søndag inviterer vi til buffet før kampen mellom Noreg og Brasil.
Buffeten er for alle som ønskjer å reservere bord til kampen, og buffet må kjøpast som ein del av reservasjonen.
Oppmøte for reservasjonar er kl. 20:00. Vi anbefaler å møte opp i god tid, då bordet kun er reservert fram til kl. 20:10. Etter dette kan bordet bli gitt vidare til andre gjester.
Buffeten vil vere open fram til kl. 22:00, rett før kampstart. Etter at buffeten er stengd, vil det framleis vere mogleg å kjøpe drikke og anna frå baren der dette er tilgjengeleg.
Pris og betaling
Pris for buffet: 398 kr per person.
Drikke er ikkje inkludert i buffetprisen og kan kjøpast separat i baren.
Betaling for buffet må vere gjennomført seinast søndag kl. 15:00 via vipps. Dersom betaling ikkje er registrert innan fristen, kan reservasjonen bli kansellert og bordet gitt vidare til andre gjester.
Bestilling av bord
Bestilling av bord skjer via skjemaet under.
Reservasjonen er kun registrert når du har motteke stadfesting på e-post.
All reservasjon må skje innan laurdag kl. 19:00.
Meny på buffeten
Varme rettar
Kylling chop suey
Allergen: soyaKylling i karri
AllergivennlegBiff i Sichuan-saus
Allergen: egg, gluten (kveite), soya og sesamfrøSteikt spaghetti med biff (egg, gluten (hvete), soya)
Spør oss gjerne om allergeninformasjon
Tilbehøyr og smårettar
Salat
Spør oss gjerne om allergeninformasjonDiverse fingermat
Allergen: gluten (kveite) og skaldyr
Allergeninformasjon er oppgitt under kvar rett så langt dette er avklart. Ta kontakt med oss ved allergi eller matintoleranse. Vi tek atterhald om spor av allergen og eventuelle endringar i menyen.
Kapasitet og inngang
Dersom det er ledige plassar etter reservasjonane, fyller vi opp plassar fortløpande og slepp inn gjester så lenge vi har kapasitet.
Vi gjer merksam på at vi ikkje kan sleppe inn fleire enn per retningslinjer til vising av kampen.
Legitimasjon
Vi minner om at fysisk legitimasjon er einaste godkjende form for legitimasjon.
Gyldig legitimasjon er:
ID-kort
Pass
Førarkort
Digital legitimasjon vert ikkje godkjend.
Generelle reglar
Vanlege reglar for skjenking, aldersgrenser, ro og orden, samt andre gjeldande føresegner, gjeld som normalt.
Vi tek atterhald om endringar, kapasitet og eventuelle justeringar i opplegget.