LerumCup helga: Velkommen til buffé på Malin

LerumCup dreiar seg ikkje berre om fotball, seier og tap. Det sosiale er minst like viktig, og kva er betre enn å samle fotball-venner rundt eit bord med god mat og god stemning? Ta med deg laget ditt til Restauranthuset Malin, den største restauranten i Sogndal med 230 sitjeplassar.

Buffé under LerumCup

Under LerumCup tilbyr vi vår populære buffé frå og med fredag (26.juni) og søndag (28.juni). Desse dagane vil det vere kinamat, sushi og steakhouse-baserte rettar på buffeten. Vi vil også tilpasse buffeten med ekstra rettar som vi veit unge fotballspelarar set pris på. For kr. 278,- kan våre kommande fotballstjerner ete så mykje dei vil. 

Prisar

Pris for buffetbord inkl. dessert:
Vaksne:   kr. 588,-                  
Barn 6 - 13 år:   kr. 278,-     
Barn under 6 år:   gratis

Sjå førebels buffetmeny her – meir kan bli lagt til.

Praktisk info

Under LerumCup vert det redusert à là carte meny for Lerum Cup (pdf).

Restauranten er open frå kl. 14:00–23:00. Kjøkkenet stenger éin time før.

Vi anbefaler å bestille bord på førehand.

Bordbestilling grupper

Bestill gjerne bord på knappen under dersom du er under 15 personar i gruppa. Er du over 15 personar? 

Ring oss gjerne på 57 67 87 00 eller send e-post til post@restauranthusetmalin.no.

Restauranthuset Malin ligg sentralt i Sogndal. Du finn oss i Hovevegen 2, Sogndal kulturhus.